logo    
       
       
  :: Heim      
 

 


 
     
 

Folkekulturfestivalen 22. - 24. juni 2007

Noregs Ungdomslag arrangerte Folkekulturfestivalen 2007 i Oslo 22.-24. juni.

Bygdedansfest, veraogjohn.casino stildansball, kurs, dans i byen, framsyningskappleik, danseframsyninga "Sanselaust", konsert med JPP, jonsokfest, improkappleik og konsert med Valkyrien Allstars var noko av det som stod på menyen. Mange deltakarar fekk med seg festivalen, og stemninga var god!

Neste år ser vi fram til Folkekulturfestival i Lillesand 24.-26. juli.

Nyheiter:

22. juni Folkekulturfestivalen og Norsk Amatørteaterfestival vart offisielt opna på Det Norske Teatret i dag. Afrikansk dans til norsk folkemusikk og Erling Lae på nynorsk var nokre av høgde punkta. Les artikkelen på www.ungdomslag.no.

21. juni Vi har redusert prisen på danseframsyningane Sans for dans og Framsyningskappleiken til kr 100,-

20. juni VIKTIG MELDING: Nummeret til festivaltelefonen er 468 49 888. Det står feil nummer i programheftet for festivalane.

5. juni - Vi skal vise fram mangfaldet i norsk folkekultur og skape treffpunkt mellom norske og internasjonale kulturuttrykk i Noreg, fortel Hill-Aina Steffenach, leiar for Folkekulturfestivalen, til www.ungdomslag.no.

29. mai Bruk av hovudplagg er eit tema med politisk sprengkraft. Bunadrådet i NU inviterer til seminar om dette 23. juni. Les meir under menyen "kurs" på desse sidene eller i artikkelen på www.ungdomslag.no.

15. mai Over 100 skal delta på "Dans i byen" laurdag 23. juni. Les meir om arrangementet på desse sidene, og i artikkelen på www.ungdomslag.no.

28. mars Finske JPP er folkemusikarar i verdsklasse. Laurdag 23 juni blir det stor konsert med gruppa. Les artikkelen om JPP i Ungdom nr. 2-07 eller på www.ungdomslag.no

5. mars Den kjente finske folkemusikkgruppa JPP vitjar Folkekulturfestivalen laurdag 23. juni. Meir informasjon om JPP og konserten kjem snart. Les meir om JPP.

22. februar 22. juni inviterer Leikarringen Symra og Noregs Ungdomslag til stildansball i speilsalen på Grand Hotel i Oslo. Påmeldingsfrist er 15. mars. Les meir om stildansballet her. Last ned invitasjonen.

13. februar Åtte talentfulle ungdomar har sidan november jobba i lag i prosjektet Sans for dans. I juni blir det urpremiere på danseframsyninga under Folkekulturfestivalen. Les om Sans for dans her.

8. februar Valkyrien Allstars blir eit av høgdepunkta under Folkekulturfestivalen. Les intervjuet med den unge hardingfeletrioen i Ungdom 1-2007 og på www.ungdomslag.no.