logo   banner  
       
       
  :: Dans      
 

 

 


 
     
 

Dans

Festivaldans i BUL-salen med Spelmannslaget i BUL i Nidaros

Dagen før dagen varmar Spelmannslaget i BUL i Nidaros opp ivrige festivaldeltakarar.

Festivaldansen startar onsdag 5. juli kl. 21.00 i Gildevangen.

 

P.A. Røstad jr.s orkester og Einar Olav Larsen

Torsdagskvelden vert det trønderfæst med P.A. Røstad jr.s orkester og Einar Olav Larsen. Orkesteret vidarefører tradisjonen etter P.A. Røstads kvartett med Hilmar Alexandersen, som på 70-talet var sentrale i ”gammaldans-Noreg”. Dei vart noregsmeistrar to år på rad i 1999 og 2000 og vann NRK sitt Kappspell i 2003. Dei har to eigne utgjevnader bak seg, har vore på to turnear i USA og deltek på festivalar rundt om i Norden.

Dansen startar torsdag 6. juli kl. 20.00 i Trondheim Spektrum.

 

Småviltlaget

Småviltlaget er eit gammaldansorkester frå Rørostraktene. Orkesteret har vunne Landsfestivalen tre gonger og har fått kongepokalen i gammaldansmusikk på Titanofestivalen. Småviltlaget har eit eige driv og engasjement som smitter over på dansarar og tilhøyrarar og dei gjev alt frå scena.

Dansen startar fredag 7. juli kl. 19.30 i Trondheim Spektrum.

 

Over Stok og Steen

Over Stok og Steen spelar opp på leikfesten laurdag 8. juli kl. 19.30 i Trondheim Spektrum.

Gruppa er kjende for å ha henta fram att mykje ukjend folkemusikk og dansemusikk frå Hedmarken. Dei har hausta mykje ros for dette over heile landet. På landsfestivalen i gammaldansmusikk har dei gått til topps heile fire gonger. Nokre melodiar gjer dei i tradisjonell form, nokre har gruppa omarbeida på eige vis. I tillegg spelar dei også tradisjonell gammaldans. Gruppa har gjeve ut tre cd-ar.

Dansen startar laurdag 8. juli kl. 19.30 i Trondheim Spektrum.


Ormen lange-rekord!

Festivlatoget tek deg med til torget der vi prøvar å setje verdsrekord i tal på deltakarar som dansar rundt Olav Trygvasson-statua som er verdas største solur!

Verdsrekordforsøket startar laurdag 8. juli kl. 14.00 på torget i Trondheim.

 

Nattdans/stordans

Kvar kveld vert det nattdans og stordans med ulike spelemenn og songarar alle festivaldagane. Dette tek til frå klokka 01.00.

Nattdans onsdag: Gildevangen, nattdans torsdag-laurdag: Trondheim Spektrum.


Samdansprogrammet

Fandango frå Namdalen Norske Folkedansar–Turdansar s. 202
Seierstad-hopsa frå Namdalen Norske Folkedansar–Turdansar s. 182
Oppdalsril (Ril frå Oppdal) Norske Folkedansar–Turdansar s. 143

Lars lenkelifot Trønderviser, Geir Egil Larsen s. 18
Kjære Olamann Trønderviser, Geir Egil Larsen s. 21
Krakspjøt`n Trønderviser, Geir Egil Larsen s. 30

Soga om Kark Sæmund Fiskvik /trad.
Ormen lange Norske Folkedansar-Songdansar s. 282

Heftet Trønderviser av Geir Egil Larsen kan kjøpast på NU-kontoret.