logo   banner  
       
       
  :: Dugleiksmerke      
 

 


 
     
 

Dugleiksmerke

Feleknappen og spelmerket

Dette er Noregs Ungdomslag sine dugleiksmerker i godt dansespel. Om du har lyst å spele opp under Folkekulturfestivalen, sender du namn, adresse og repertoarliste til Noregs Ungdomslag, postboks 414, sentrum, 0103 Oslo. Påmeldingsfrist er 1. mai.

Krav til feleknappen

Feleknappen er Noregs Ungdomslag sitt dugleiksmerke for godt og variert dansespel på fele og hardingfele. Feleknappen kan takast i bronse, sølv og gull.

Bronse

For å spele opp til bronse må du kunne spele minst 15 tradisjonelle danseslåttar frå det distriktet du naturleg føler deg knytt til. Du skal òg kunne 10 slåttar fordelt på dei tre ulike gruppene turdans.

Sølv
Til sølv må du kunne 25 tradisjonelle danseslåttar frå distriktet, både runddans (vals, reinlender, polka, masurka) og bygdedans. I tillegg kjem 25 slåttar fordelt på alle 5 gruppene av turdans.

Gull
Først når du har felemerket i sølv, kan du spele opp til gull, og du må då utmerke deg med særleg god danserytme og uttrykk i spelet. Repertoaret må være 30 slåttar av kvar.

Krav til spelmerket

Spelmerket har berre ein grad. Spelmerket har ingen gradering i bronse, sølv og gull, slik som Feleknappen. Krava til Spelmerket for einskildspelemenn er dei same som til Feleknappen i sølv, med den skilnad at deltakarane her spelar opp på andre instrument, som t.d. trekkspel eller klarinett.

Også folkemusikkgrupper på 2-5 personar kan også spele opp til Spelmerket. Då er kravet til repertoar som til Feleknappen i bronse. Dei musikalske krava er likevel som til Feleknappen i sølv. I tillegg blir det lagt vekt på godt rytmisk samspel. Folkemusikkgruppene må ha fele(r) som eit sentralt instrument. To trekkspel fell altså utanfor Spelmerket. Det er ikkje krav om spel av bygdedans til Spelmerket

 

Oversikt over det du må kunne innan dei tre gruppene turdans.