logo   banner  
       
       
  ::For barn      
 

 


 
     
 

For barn

Torsdag 6. juli

 

Tur til Munkholmen 09.00-14.00

Bli med på ein skikkeleg kosetur til Munkholmen! Her vert det akrobatikk og gjøgling med Hallvard Strønen, og ein får lage sine eigne sjongleringsballar saman med Solgunn Liestøl. Det vert dans og leik med Hilde Birgitte Løknes og Bente Fidje og framvising av teaterstykket “I huldreskogen” skrive av Siv Trine Haldaas. Oppmøte i Ravnkloa der Munkholmenbåten går, i god tid før klokka 09.00. Ta med matpakke.

 

Fredag 7. juli

 

Tur til Sverresborg Trøndelag Folkemuseum for barn 10.00-16.00

Bli med ein heil dag på museet der det blir fleire kjekke barneaktivitetar! Heile dagen vert det halde kreativt verkstad der barna kan lage hjelmar, tove ull, teikne osb.

Dansekurs for barn under 7 år 10.00-12.00

Bli med å leike deg gjennom folkemusikkrytmar, og bruk fantasien i spennande dramaleikar! På dette kurset vil barna blant anna danse polka, ril og songleikar. Det er begrensa tal på deltakarar, så meld dykk på tidleg! Instruktørar er Hilde Birgitte Løknes og Bente Fidje som begge er utdanna folkedansinstruktørar og barne- og ungdomsinstruktørar i Noregs Ungdomslag. Hilde Birgitte jobbar i barnehage og begge har lang erfaring som instruktørar i lokale barnelag.

Hallingkurs for barn over 7 år 10.00-12.00

Vil du lære et skikkelig tøft hallingkast, sparke hatten av stokken og kanskje imponere med ein nakkesprett? Då er dette kurset for deg. Dette er ein unik sjanse for dansegalde barn, men vær tidleg ute med å melde dykk på!

Munnharpekurs med Gunnar Rødal 1400-1500

Lær deg å spele på eit gamalt folkemusikkinstrument som har tradisjonar i fleire land. De vil lære små slåttar og spele i lag med Gunnar Rødal. Han er ein munnharpeguru som har halde kurs for barn på Folkekulturfestivalen i over 30 år. Han held kurs i både dans og munnharpe i Trondheim.

Ta ein kikk innom heimesidene til Sverresborg Trøndelag Folkemuseum.

 

Laurdag 8. juli

 

Barnleikfest 1000-1200

Ta på bunaden eller anna finstas og kom på barnefest! Gunnar Rødal vil leie barna gjennom ein leikfest fullspekka av dans, leik og god musikk. Barna vil danse det dei har lært på kurs og lære nye morosame dansar og leikar! Det blir også servert noko godt å ete.

 

Tog og framsyning 12.30

Etter festen på laurdag, vil barna gå samla til Torget der dei kan vere med på ei flott framsyning for Trondheim by. Barna vil danse dansar frå kurset og festen og etterpå få danse saman med ungdommane i Noregs Ungdomsring! Barna kan også vere med i festivalens store bunadparade som går gjennom byen kl 13.00.