logo   banner  
       
       
  :: Framsyningar      
 

 


 
     
 

Framsyningar dans

fant&fente

Spel- og dansegruppa "fant & fente" har sidan desember 2002 arbeidd med å utvikle eit nytt scenisk uttrykk basert på den norske folkelige tradisjonen innan musikk og dans.

Medlemene i gruppa har lang erfaring med norsk folkedans og folkemusikk. Gjennom improvisasjon og utprøving av nye kombinasjonar utviklar dei eit friskt, ungdommeleg og fartsfylt uttrykk, der det norske tradisjonsstoffet får ei mer moderne innpakking.

Dermed vert folkedansen løfta opp på den scena der dei norske folkemusikarane har hatt sin naturlige plass lenge. fant&fente opptrer under opninga av festivalen. I tillegg skal dei halde kurs i kreativ folkedans under festivalen.

Framsyning torsdag 6. juli kl. 18.45.

 

Lykkejegaren - danseframsyning med Snu Nordvest

”Lykkejegaren” er ein nyskapande folkedansrevy, laga over to intensive helgesamlingar, med dansande, spelande og syngande ungdomar frå Møre og Romsdal. Denne fyrste førestillinga handlar om korleis ein leiter etter, og får testa ut ulike spennande og underlege karrieremuligheiter i Noreg.


Førestillinga pulserer i dansetakt, og vert fortalt med dei ulike rytmane frå Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre, mellom anna reinlender, skorsk, halling, polsdans og springdans. Snu nordvest er eit danseprosjekt for ungdom mellom 15 og 20 år i Møre og Romsdal. Prosjektet er ein del av "Bygda dansar", og vert drive av Rådet for folkemusikk og folkedans, Rff-senteret i samarbeid med folkemusikklaga og ungdomslaga i fylket.

Regien er ved Sigurd Aae Klausen og Kjell Klausen. Musikalsk leiar er Britt Elise Skram, og danseansvarlege er Live Karin Liaskar, Sigurd Johan Heide og Egil Bakka. Egil Bakka er dagleg leiar på Rff-sentret og drivkrafta bak ideen og prosjektansvarleg. Sigurd Johan Heide er prosjektleiar, medan Live Karin Liaskar er prosjektmedarbeidar. Begge er toppdansarar med brei erfaring frå folkedansmiljøet.

Prosjektet er finansiert av Kultur og Kirkedepartementet, Møre og Romsdal fylke, Rff-sentret – Norsk senter for folkemusikk og folkedans og danse og folkemusikklaga og ungdomslaga i Møre og Romsdal.

Framsyning frdag 7. juli kl. 18.00.

 

Sans for dans - talentutvikling

10 ivrige og kreative unge dansarar har arbeidd med å utvikle eigen dans, få eit større nettverk og dei har lært korleis ein kan syne folkedans på scena gjennom prosjektet Sans for dans. Framsyninga under festivalen er ei danseframsyning med innslag av teater. De vil m.a. få sjå tannkostdans i hamborgartakt, gamalmanns-halling og musevisenordlandspols.

Framsyning laurdag 8. juli kl. 16.00


Framsyning med Noregs Ungdomsring og barnleiken i byen

På torget i Trondheim laurdag 8. juli kl. 12.30.

 

“Når lauvet sprett”

Hallgrim Berg, Trondheim Spektrum. Hallgrim Berg er Hallingdalskjendis i kulturell særklasse og den første i landet med yrkestittelen “kulturist” (kulturstreif.no).

Framsyning fredag 7. juli kl. 21.00-21.45 og laurdag 24.00-00.45.

 

Teaterframsyningar under festivalen

Barneframsyninga ”I huldreskogen” av Siv Trine Haldaas

”Men om natta, når menneskan søv, da kjæm vi fram, og da danse vi…”
Dette er eit stykke musikkteater for heile familien der handlinga er henta frå folketrua vår. Huldrejenta likar å snakke med menneska, men ho har ikkje lov til det. Ho snik seg ut når dei andre huldrene ikkje ser henne. Fløytejenta er også med, men ho er så redd at ho nesten ikkje kjem fram. Når ho til slutt vågar seg utpå, kan ho fortelje at Nøkken, som er den aller flinkaste til å spele, har lært henne sin eigen slått…

Framsyninga vert spelt på Munkholmen torsdag 6. juli.

 

"Vegs Ende" av C.S. Sheriff Teaterlaget i BUL i Nidaros

Vi er i skyttergravene ved fronten under 1. verdskrigen. Nokre engelske offiserar er nett komme opp frå dei bakre rekker. Ikkje lenge etter at dei er innkvarterte i "dug-outen", får dei eit oppdrag det mildt sagt stinkar av... Og korleis taklar kvar enkelt å stå midt oppe i ein krig utan meining? Gjer deg klar for eit sterkt møte med ein tematikk som er like aktuell i dag som for 90 år sidan!

Vegs Ende vert spelt torsdag 6. juli kl. 23.00-24.00 og fredag 7. juli kl. 18.00-1930.