logo   banner  
       
       
 

:: Heim

     
 

 


 
     
 

Folkekulturfestivalen 2006 er over. Vi takkar BUL i Nidaros med festivalsjef Hill-Aina Steffenach i spissen og alle frivillige for arbeidet som vart lagt ned desse fire hektiske dagane i Trondheim. På denne sida kan du no få eit lite glimt av aktivitetane dette året.

Neste år er det duka for Norsk Amatørteaterfestival og Folkekulturfestivalen i Oslo frå og med 22.juni 2007.

Glimt frå Folkekulturfestivalen 2006:

Ungdommeleg framsyningskappleik!

Tre lag deltok i framsyningskappleiken på Folkekulturfestivalen i Trondheim. To av dei var ungdomsringar, Ungdomsringen Salten og Ungdomsringen Austlandet (URA), mens det siste laget var arrangøren BUL Nidaros.

Les meir om Framsyningskappleiken.

 




Sans for dans 2006 - premiere

- Ei flott førestilling! Dei ti deltakarane smilte frå øyre til øyre etter premieren laurdag 8. juli under Folkekulturfestivalen.

Les meir om Sans for dans.



Ut med kua inn med dommaren!

Nærare 300 tilskodarar gjorde sitt til at finalen i Improkappleiken vart ein strålande suksess natt til sundag under Folkekulturfestivalen. Etter fleire timar på dansegolvet benka folk seg saman i amfiet i Trondheim Spektrum for å sjå halsbrekkande teaterleik. Deltakarane på teatersportkurset dagen før stilte med eit utfordrarlag til vinnarane i Kirkenes i fjor. ”Gengangere – æ – Attergangarar” tok utfordringa.

Les meir om Improkappleiken 2006.



Flott samling i Noregs Ungdomsring (NUR) i Trondheim


For fem år sidan tok FLUR (Ungdomsringen i Aust-Agder) initiativet til å lage ein samlingsplass for ungdom i førekant av Folkekulturfestivalen. Noregs Ungdomslag tok tak i idèen, som nå har vorte eit etablert arrangement med ny deltakarrekort for kvart år!

Les meir om samlinga i Noregs Ungdomsring.