logo   banner  
       
       
 

::Kappleikar

     
 

 


 
     
 

Kappleikar

Improkappleik 2006 – tidlegare festivalmeisterskap i teatersport (FMITS)

 

Tradisjon tru inviterer vi til tevling i improvisasjonsteater under Folkekulturfestivalen i Trondheim. Publikum kan glede seg til å sjå deltakarane sveitte seg gjennom innleiande runde og finale. Deltakarlaga må takle forslag og utfordringar både frå publikum og frå dei andre deltakarlaga. Dette må dei gjere gjennom rein improvisasjon og etter reglar som dei på førehand har blitt samde om – alt for å glede publikum!

Deltakarar kan sikre vinnarsjansane sine ved å gå på kurs med Frode Eggen som er frilans skodespelar, drama- og teaterpedagog og fakir. Han er dagleg leiar for Improkompaniet RAMP og har gått internasjonale kurs m.a. i teatersport hos Keith Johnstone (teatersportens far). Frode vil fylgje deltakarlaga gjennom både innleiande runde og finale.

Påmelding til kurs og/eller tevling skal skje innan 1. mai.

Kurs: fredag 7. juli kl. 10.00-14.00
Innleiande runde: laurdag 8. juli kl. 15.00
Finale: laurdag 8. juli kl 24.00


Framsyningskappleik 2006

Noregs Ungdomslag inviterer dansegruppa dykkar til å konkurrere om å få utmerkinga årets beste framsyningsprogram av dommarar og publikum under Framsyningskappleiken i Trondheim.

Framsyningskappleik: fredag den 7. juli klokka 17.00

Konkurransereglar
- minst 4 deltakarar (dansarar og musikarar)
- Kvar gruppe framfører eit program på opptil 15 minutt.
- programmet skal på ein eller annan måte fortelje noko om det laget og/eller det lokalmiljøet som gruppa kjem frå.
- Det kan gjerne innehalde anna stoff enn dans og musikk som rammer eller innslag
- skal omfatte minst 2 av dei 6 hovudtypane av dans det blir arbeidd med innanfor Noregs Ungdomslag: Bygdedans, turdans, runddans, songleik, songdans og moderne dans.
- Bruker eit lag dansar frå andre land i framsyningsprogrammet, må dette vere knytt til tema for framsyninga.

Påmeldingsfrist: 1. mai til NU – kontoret, informasjon@ungdomslag.no /24 14 11 10

 

Nattkapp

Lyst til å spele for eit dansande publikum?

Nattkappen er ein konkurranse der ein speler til dans. Gruppa eller utøvaren med det beste dansespelet vert premiert. Dansande dommarar vel ut ein vinnar…

Nattkappen blir gjennomført under nattdansen fredag 7. juli
Påmelding kan skje heilt fram til nattdansen, anten til NU-kontoret eller til festivalkontoret i Trondheim.