logo   banner  
       
       
  :: Konsertar      
 

 


 
     
 

Konsertar

Frigg – band of the year 2005 og landskoret

Frigg held konsert saman med landskoret laurdag 8. juli kl.17.30 i Trondheim Spektrum.

Gruppa består av sju unge folkemusikarar frå Finland og Noreg. Dei spelar ei blanding av sjølvkomponert musikk og tradisjonell norsk og finsk folkemusikk med innslag av bluegrass og irsk folkemusikk. Brørne Gjermund og Einar Olav Larsen frå Verdal er dei to norske i gruppa. Dei spelar mykje i lag og har mellom anna vunne gruppespelet på landskappleiken tre år på rad.

Frigg vart i 2003 kåra til ”band of the Year” på folkemusikk-festivalen i Kaustinen, den største i sitt slag i Europa. I 2005 slapp dei den andre CD-en sin ”Oasis” og reiste på turne i USA og på festivalar rundt om i Europa.

Denne gongen møter vi Frigg saman med landskoret - eit spesialsamansett kor for Folkekulturfestivalen.

Framsyning laurdag 8. juli kl. 17.30.

 

Midnattskonsert med Sondre Bratland og Annbjørg Lien

 

På kyrkjeveg

Sondre Bratland og Annbjørg Lien held midnattskonsert i Nidarosdomen fredag 7. juli frå klokka 24.00-01.30.

Sondre Bratland har gjennom dei siste 20 åra markert seg som ein av våre fremste folkesongarar. Bratland har spesialisert seg innan religiøs folkesong og har vore med å sprenge grenser mellom ulike musikksjangrar. Han har gjeve ut 10 soloalbum og medverka i 25 andre. Frå 1997 er Bratland statsstipendiat og folkesongar på heiltid.

Annbjørg Lien er ein av dei dyktigaste musikarane og ein framragande folkemusikkambassadør. Ho har vore velkjend i spelemannskrinsar sidan ho var lita og har etter kvart vunne eit bredt publikum. Annbjørg skapar moderne folkemusikk med internasjonal appell, og samarbeider med musikarar av ypperste klasse. Ho har seks NM-titlar bak seg i tradisjonell folkemusikk, samt eit NM og ein nordisk tittel i dansemusikk.

 

Intimkonsertar i Nidarosdomen

 

Torsdag 6. juli kl. 15.00 - 16.00

Intimkonsert med Arne M., Silje og Elling Sølvberg

Arne M. Sølvberg er ein allsidig spelemann og har gjeve ut fleire CD-ar og vunne Spelmannsprisen. Saman med Silje og Elling spelar han religiøse folketonar frå Nordfjord.

 

Fredag 7. juli kl. 15.00-16.00

Intimkonsert med John Ole Morken og Lajla Renate Buer Storli
Konserten ”Tankar” gjev publikum høve til å ta imot folkemusikk frå to ulike tradisjonar. Lajla Renate Buer Storli (hardingfele og song) og John Ole Morken (fele og gitar) i solospel med glimt av samspel der dei to tradisjonsbærarane møtest.

John Ole Morken
John Ole Morken er felespelar og har drive aktivt som utøvande musikar dei siste åra. Han har jobba spesielt mykje med å dokumentere folkemusikken i Gauldalen i Sør-Trøndelag. Mykje av det han har samla inn, brukar han i konsertsammenheng. Han legg vekt på personleg formidling og vil la publikum ta del i hans toneverden.

Lajla Renate Buer Storli
Lajla R. B. Storli har drive med folkemusikk sidan ho var lita jente, og har nytta hardingfela og songen i mange samanhengar i inn og utland. Ho har jobba mykje med tradisjonsmusikk frå Hardanger, men har den seinare tid og fått inspirasjon frå andre tradisjonar og sjangrar.

Ho møter publikum gjennom personleg utrykk og formidling av tonar som betyr mykje for ho!

 

Laurdag 8. juli kl. 11.30-12.30

Intimkonsert med Vegar Vårdal - Kyrkja i folkemusikken

Kjem de på intimkonserten til Vegar Vårdal, får de høyre slåttar og segner som på ulike måtar er knytt til kyrkja. Nokre slåttar knyt seg til historiske hendingar, andre slåttar har fått segner og historier som verkar litt for usannsynlige. I tillegg får de høyre ulike slåttar som har vore brukt i kyrkjerommet, anten i bryllup, begravelse, dåp eller i sjølve gudstenesta.