logo   banner  
       
       
  :: Kurs      
 

 


 
     
 

Kurs

Folkedraktseminar

Anne Grete Sandstad fortel om prosjektet “Klesdrakta sin magi”, som handlar om det like og ulike i klestradisjonane i regionen på tvers av landegrensa. Ho er tekstilfagleg utdanna og arbeider på Sverresborg Trøndelag Folkemuseum. Jon Fredrik Skauge fortel om hovudoppgåva “Folkedrakt-motedrakt-folkeleg mote, kvinneleg klesskikk i Orkdal fogderi og Trondheim by 1790-1835” og arbeider i dag hjå Bunad- og Folkedraktrådet. Vi får ein presentasjon av den nye Borgarbunaden ved Husfliden i Trondheim og Ellen Runderheim frå bunadrådet fortel om “Kalemank frå Norwich til Nore”.

Seminaret vert halde fredag 7. juli kl. 10.00-14.00

Les meir om folkedraktseminaret.

Spelkurs med Andreas Bjørkås - avlyst

5. -7. juli


K urset vil ta for seg felespelstradisjonar frå Oppdal i Sør-Trøndelag. Oppdal ligg mellom sterke folkemusikkdistrikt som Nordmøre, Folldal og Gudbrandsdalen. Difo finn ein att mange trekk frå desse tradisjonane i Oppdal, både felles slåttar og likheitstrekk i spelestil. Dessutan var Oppdal ein naturleg stoppestad for omreisande spelemenn som bytta slåttar med spelemennene i Oppdal.

Springleiken utgjer kjernerepertoaret i folkemusikktradisjonen i Oppdal og kurset vil ha hovudvekt på dette repertoaret. Springleiken frå Oppdal er kjenneteikna med raskt tempo, spenstige rytmar og enkle gode melodiar.

Andreas Bjørkås(22) kjem frå ein familie i Oppdal med mange spelemenn. Han har lært av fleire unge og gamle frå heimbygda, bla faren Jan Kåre, Tore Viken og Ingunn Dahlen. Fra 2000 til 2003 studerte han på folkemusikklinja på Vinstra Vidaregåande Skule, der han hadde lærarar som Tom Willy Rustad, Nina Owren Furuli og Per Sæmund Bjørkum.

Andreas Bjørkås studerer ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Han har vunne mange kappleikar, bla Landskappleiken klasse C 3 gongar, og klasse B 2 gongar. På Landskappleiken på Røros i fjor debuterte han med en 2.plass. i klasse A.

Kurs i teatersport

Fredag 7. juli kl. 10.00-14.00

Teatersport er kulturen sitt svar på ekstremsport. På kurset lærar du om å akseptere alle innspel frå lagkameratane, om å improvisere og å ta vare på det spontane og om å servere publikum gode historier.

Kurset passar for alle, men vi vil særleg oppmode deltakarane i Festivalmeisterskap i teatersport (FMITS) til å gå på kurset og skaffe seg eit forsprang på konkurrentane.

Lærar er Frode Eggen. Han er 29 år og dagleg leiar for Improkompaniet Ramp og har ei rekke internasjonale kurs m.a. med Keith Johnstone. Han jobbar som frilans skodespelar og kurshaldar, teaterpedagog og fakir.

 

Dansekurs under Folkekulturfestivalen

Nybyrjarkurs i Rørospols 6. og 7. juli kl 10-14

Tre av dei aller beste dansepedagogane i Noreg gjev deg eit innføringskurs i Rørospols. På berre 4 timar kan du lære deg det du treng for å kunne danse pols under festivalen og det vert god tid til å praktisere kunnskapen!

Kurset passar både for nybyrjarar og dei som ynskjer ei oppfrisking av dansekunnskapen. Desse lærarane kan gje noko til dei fleste!

Kurslærarar
Torsdag kl 10-14: Geir Egil Larsen.
Geir Egil er frå Verdal i Nord-Trøndelag. Han er folkemusikar og driv med folkedansopplæring på heiltid og er topputøvar både innafor spel og dans, og har lang erfaring med opplæring i Rørospols.

Fredag kl 10-14: Vegard Opheim og Ingunn Skjelvan
Dei to flotte, kunnskapsrike og etterspurde dansepedagogane Vegard Opheim og Ingunn Skjelvan, no busette i Bergen, har trønderske røter, er gode dansarar og lang røynsle med opplæring i Rørospols.

Spelemann John Ole Morken frå Ålen. Han er student ved Ole Bull Akademiet, frilans folkemusikar og drivande god dansespelmann.


Kurs i Nordfjordspringar 6. juli 10-12

Kurslærarar/spelemenn: Arne M., Silje og Elling Sølvberg m.fl.

Familien Sølvberg gjev dykk innblikk i denne spennande springarforma. Dansen passar for dei med sans for rytme og sprek dans. Familien er topp dansarar som har vunne Landskappleiken og er kjende for å gje gode sceneshow. Det vert gode moglegheiter for å dansa denne dansen på torsdagskvelden.


Laus og ledig dansestil! 6. juli 12-14

For deg som vil bli ein betre dansar... med sans for det særprega...

Kurslærarar: Sigurd Johan Heide og Siri Mæland

Her vil du få ein del tips og triks du kan bruka i dansen din. Dei to dyktige dansepedagogane vil med humor og energi ta for seg nokre særprega lokale runddansformer med fokus på teknikk, improvisasjon og personlig dansestil. Utganspunktet vil vera tradisjonsdansar frå filmarkivet ved Rff-senteret.

Begge lærarane er tilsette ved Rff-senteret. Sigurd Johan Heide er prosjekt- og danseleiar for folkedansprosjektet Snu nordvest/Bygda dansar. Siri Mæland er fagkonsulent i folkedans med ansvar for danseopplæringa på folkedansstudia til NTNU/Rff. Ho var danseleiar i folkedansprosjektet Fjordapuls/Bygda dansar (2001-2004).

Spelmann Ivar Mogstad, Rff-sentert.


Kurs i kreativ folkedans 7. juli 10-12

Kurslærarar: Marianne Dahl, Ina Maria Solberg Cyrus, Torill Schinstad
Spelemenn: Benjamin Kehlet og Vegar Vårdal

På kurset vil du få trening i å tre ut av dei vande mønstra i folkedansen. Lærarane brukar element frå norsk folkedans og gjennom kreative prosessar prøvar dei å skape nye danseuttrykk.


Ei innføring i Ormen Lange 7. juli 12-14

Kurslærar: Johan Einar Bjerkem

Johan Einar Bjerkem er ein fantastisk forteljar og skipar av stordans. Han tek oss med gjennom denne store visa, som skal dansast på torget i Trondheim laurdag. Han vil fortelje oss kva ho handlar om, litt om bakgrunnen og sjølvsagt skal vi syngje ho. Kanskje har han også eit og anna tips om korleis vi betre kan hugse versa. Kurset passar for alle anten du kan 10, 20, 85 eller ingen vers. Kom og syng med den stemma du har.

 

Kurs i luftakrobatikk

med Hallvard Strønen. For barn over 13 år.

Fredag 7. juli kl. 14.00-16.00