logo   banner  
       
       
  ::Teatersport      
 

 


 
     
 

Teatersport

Kurs i teatersport

Fredag 7. juli kl. 10.00-14.00

Teatersport er kulturen sitt svar på ekstremsport. På kurset lærar du om å akseptere alle innspel frå lagkameratane, om å improvisere og å ta vare på det spontane og om å servere publikum gode historier.

Kurset passar for alle, men vi vil særleg oppmode deltakarane i Festivalmeisterskap i teatersport (FMITS) til å gå på kurset og skaffe seg eit forsprang på konkurrentane.

Lærar er Frode Eggen. Han er 29 år og dagleg leiar for Improkompaniet Ramp og har ei rekke internasjonale kurs m.a. med Keith Johnstone. Han jobbar som frilans skodespelar og kurshaldar, teaterpedagog og fakir.

 

Improkappleik
(tidlegare finale i Festivalmeisterskapen i teatersport (FMITS)

Laurdag 8. juli 24.00-01.00

Innleiande runde 8. juli kl. 15.00

Dette er ein artig og uformell teaterarena på Folkekulturfestivalen. Lag får ulike improvisasjonsoppgåver som dei må løyse på ein rask og mest mogleg morosam måte. Laga tevlar mot kvarandre og eit dommarpanel, i lag med publikum, avgjer kven som vinn tevlinga.
Påmelding i framkant kan sendast til Noregs Ungdomslag, postboks 414, sentrum, 0103 Oslo eller til informasjon@ungdomslag.no.

 

Det høgt akta og respekterte lovverket for FMITS

§1 Deltakande grupper

Alle medlemmer i Noregs Ungdomslag kan delta. Deltakarar frå andre grupperingar kan under tvil få delta. Med mottoet kvalitet før kvantitet kan kvar gruppe berre ha 4 deltakarar. Utover dette er det ikkje krav til utsjånad, hudfarge, legning og så vidare.

§2 Teaterrådet

Teaterrådet i Noregs Ungdomslag pliktar seg til å gje konkurransedeltakarane naudsynt opplæring før tevlinga set i gong. Teaterrådet skal og skaffe 2 dommarar, 1 tevlingsleiarar og musikarar.

§3 Tevlingsleiarar

Tevlingsleiararen skal til ei kvar tid halde seg upartisk gjenom tevlinga. Tevlingsleiarar har ansvar for at tevlinga går føre seg på ein høveleg måte og at ein slepp uanstendig og moralsk forfall.

§4 Dommarar

Dommarane er det øvste organet i FMITS. Einaste måten ein kan endre avgjersla deira er å fjerne dei fysisk frå tevlingsområdet og erstatte dei med nye.

§5 Endringar i lovverket

Med 2/3 fleirtal kan teaterrådet i Noregs Ungdomslag endre lovverket i hytt og pine. Dette treng ikkje skje på eit loveleg innkalla møte, men kan skje dersom teaterrådet føler for det der og då.

 

Laiv:Englevakt

Her er informasjon og påmelding til Laiv.