logo   banner  
       
       
  :: Turar      
 

 


 
     
 

Turar

Tur med råseglbåtar

Fredag 7. juli kl. 8.30-16.00. Oppmøte ved festivalkontor.

Velkomen til segltur med råseglbåtar og til landets einaste museum med eige båtbyggeri. Ei stor satsing på kystkultur skjer nettopp i fjæresteinane på Stadsbygd.

Vi drar frå Trondheim på morgonen klokka 08.30, køyrer til Flakk ferjeleie og blir henta av museet sine folk på andre sida. Museet ligg vakkert til og er verdt ein dagstur også for dei som ikkje vil ut med båtar. Vi får ei omvisning inne, kor vi mellom anna vitjar utstillinga ”Lofotdrifta” og får innsikt i det viktige fisket og handelen utanfor Lofoten. Utstillinga tek utgangspunkt i lofotdrifta frå Trøndelag slik ho blei skildra av Johan Bojer i boka ”Den Siste Viking”. Det var ei lang sjøreise og ein måtte ha gode båtar.

Vidare blir vi tatt med inn i båtbyggeriet. Museet Kystens Arv er eit kompetansesenter for bygging av klinkbygde båtar. Her vil du kunne få sjå båtbyggarar i arbeid, få forklart korleis dei gjer jobben og kva som skil dei ulike båttypane frå kvarandre. Museet har ei av landets største samlingar av gamle båtar og båtbyggarmiljøet ved museet representerer eit nasjonalt tyngdepunkt for bygging, bruk og bevaring av opne, klinkbygde råseglbåtar. Museets båtbyggar Einar Borgfjord er einerådande i landet på bygging av åfjordsbåtar. På båtbyggeriet vil ein lære teknikken med klinking, ved museets reperbane vil de kunne slå rep og de vil også lære dei viktigaste knutane ombord i ein råseglbåt.

 

Historisk tur til Nord-Trøndelag

Torsdag 6. juli kl. 8.30-17.30. Oppmøte ved festivalkontor.

Vi går på bussen i Trondheim
Orientering på vegen om m.a. storgarden Wærnes – (her Tordenskjold vart fødd) - og flyplassen Wærnes, Hegra Festning som var det første plassen der tyskarane ikkje vann ved første forsøk i 2. verdenskrig.


Vi kjem til Steinvikholmen der erkebiskop Olav Engelbrektson var den siste av dei ”gammelnorske” stormennene som prøvde å ta vare på Norge som sjølstendig nasjon og med det stod imot innføringa av reformasjonen. I 1537 vart reformasjonen innført, erkebiskopen avsett og rømte landet. Tidlegare var Olav Engelbrektson og Steinvikholmen berre av interesse for sære historikarar og norskdomsfolket. Etter at Edvard Hoem/Henning Sommerro har laga opera som framføres kvar sommar like etter Olsok så har brått Steinvikholmen fått almenn interesse.


Bussen går vidare nordover. Vi passerer Norske Skogs papirfabrikk på Skogn og blir samtidig minnt om at Skogn ungdomslag er eit av dei mest aktive ungdomslaga i landet med både leikarring og teater. Vi kjører til Munkeby kloster i Frol i Levanger kommune der vi inntar medbrakt kaffe/mellommat ca kl 10.00.


Bussen går vidare innover Innherred. Passerer Aker Verdal, Sparbu og Mære kyrkje. Vi får orientering om Innherred som det sannsynlege tyngdepunktet i landet før Nidalvollen og Nidaros som var vår første ”hovedstad”. Mære var det religiøse senteret og Egge det administrative. Bonden på Egge var samtidig hovgode på Mære: Det kulturelle/åndelege hand i hand med det adminstrative/økonomiske/verdslege.

Stopp ved Steinkjer Kirke der vi ser på glassmålaria til Weidemann. Jakob Weidemann var fødd på Steinkjer og er ein slektning av forfattaren Kristoffer Uppdal som var fødd på garden Oppdal i Beitstaden. Vi ser på arkitekturen på den nybygde Steinkjerbyen som vart bomba i 1940.

Bussen køyrer så vidare oppover Ogndalen og kjem fram til kulturgarden Bjerkem i Henning som drives i samdrift. 4 gardar med til saman 915 da dyrkamark driv økologisk korn- og melkeproduksjon.

Lunsj i Gammellavin. Orientering. Omvising på Bunadburet

Bussen startar igjen og går langs Leksdalsvatnet til Stiklestad der vi får omvising i Stiklestad kyrkje. Her fall Olav den heilage 29. juli 1030. Kristendommen vart innført og dette minnes kvart år med ”alle spels mor” - Spelet om Heilag Olav som blir sett av mellom 20.000 og 30.000 kvart år.

Bussen går sørover mot Trondheim.

Guida tur til Rff-sentret 7. juli frå kl. 10.00

Turen tek deg med på ein rundtur i "Rådet" sine lokale på NTNU Dragvoll. Her vil du få vera med på blant anna eit djupdykk i musikk- og dansearkivet saman med Egil Bakka, Ivar Mogstad, Eling Flem, Sigurd Johan Heide og Siri Mæland. Spennande materiale som knapt er blitt vist/publisert før, vert teke fram og du får godbitar frå heile landet. Her kan du få sjå filmar av danse- eller musikkmateriale frå ditt heimeområde. Kan hende vert det litt prøvesmaking i tillegg? Egil Bakka er professor i folkedans og har bygd opp Rff-sentret og folkedansarkivet der.

Sjå oppslag festivalkontor for turane og oppmøte.

Velkommen til bli-kjent-grilling torsdag 6. juli kl 16.00 - 18.00

På festivalområdet utanfor Trondheim Spektrum riggar vi til ein stor grillfest og eit innhaldsrikt aktivitetsområde!

Her samlar vi oss i timane før den offisielle opninga, får i oss ein matbit og får mange muligheiter til å bli kjent med dei andre festivaldeltakarane gjennom ulike aktivitetar vi har lagt opp til.

Ta med grillmat som du kan grille. Det blir mange morosame aktivitetar og leiker for både store og små, samt buskspillplass for dei danselystne.Så ta turen innom her når dykk uansett skal oververe opninga, vi kan love god mat og mye moro!

NB: Eingongsgrillar skal ikkje nyttast! Det er sett opp grillar som kan nyttast til å grille medbrakt mat.

 

Byvandring i Trondheim

Fredag frå 10.00, sjå oppslag festivalkontor.

 

Spesialomvising i Nidarosdomen

Laurdag ettermiddag, sjå oppslag festivalkontor.