logo    
       
       
  :: Dans      
 

 


 
     
 

Dans

Bygdedansfest med runddans

Fredag kl 19.00 i BLS-huset i Nordahl Bruns gate 22

Bygdelagssamskipnaden sitt hus i Oslo, i Nordahl Bruns gate 22, er som eit Noreg i miniatyr. Her har dei fleste fylke og landsdelar sitt eige lag som held på sine dansetradisjonar. Fredag 22.juni opnar dei huset og du får oppleve dans til levande musikk i tre salar. Her kan du danse Valdresspringar, Telespringar, Hallingspringar, Numedalsspringar, Pols og Runddans.

Spelemenn/kvinner blir mellom anna Kenneth De Gala, Hilde Kirkebøen og Kjellbjørn Karlsrud. Østerdølene spelar òg opp til dans.

 

Festivalball med Christiania Tour & Runddansensemble

Fredag kl 19.00 i Speilsalen på Grand Hotel, Karl Johansgate 31

Leikarringen Symra og Noregs Ungdomslag inviterer til stildansball i Speilsalen på Grand Hotell fredag kveld. Christiania Tour & Runddansensemble spelar til dans.

Pris: kr. 650,- Deltakarane får rimelegare festivalpass. Påmeldingsfrist er ute, men vi har enno nokre få plassar igjen. Last ned invitasjon til ballet her. Last ned danseliste.

 

Jonsokfest på Det Norske Teatret

Laurdag kl 20.00 i Foajeen 2. høgda på Det Norske Teatret

Vi inviterer deltakarane på Norsk Amatørteaterfestival og Folkekulturfestivalen til jonsokfest i stilfulle omgjevnader på Det Norske Teatret. Det blir dans til musikk av Askerladden, teater og underhaldning.

Kom gjerne i bunaden og ver med å gjere dette til ein skikkeleg festkveld. Her blir det runddans, songdans og turdans, samt bygdedans og kanskje nokre finske tangoar for dei som er interessert.

 

Nattdans

Natt til laurdag og søndag blir det, tradisjonen tru, nattdans ut i dei små timar. Teatersalen i BUL, Rozenkrantzgate 8, er åstad.

 

Dans i Oslo

Laurdag kl 12.30-14.00 på ulike stader i Oslo sentrum

Dansarar frå Oslo-området fylle Oslo sentrum med folkedans.

Vi vil vise folk i Oslo at vi er mange som dansar, samstundes som vi trur ei slik samling kan bli ei vitamininnsprøyting for oss som driv med folkedans i Oslo-området. Det er ikkje så ofte vi møtest og dansar saman. Vi vil også gjerne ha med folk frå resten av landet.

Litt praktiske opplysningar til deg som vil delta:

Dansinga vil gå føre seg mellom 12.30 og 14.00. Tanken er at alle dansarane blir delt i tre grupper. Dei tre gruppene startar på tre ulike plassar i sentrum. Dei har ei kort framsyning der (10 min), beveger seg vidare til ein ny plass og har ei kort framsyning der (10 min). Til slutt blir alle dansarane samla på Eidsvolls plass (framfor Stortinget), der vi har ei felles framsyning på 15 min.

Etterpå blir det matservering for alle som har vore med på Elvebakken vgs.

Slik blir altså tidsskjemaet sjåande ut:
12.30: Oppmøte danseframsyning tre ulike stader i byen
12.45: Første framsyning: 10 min
13.10: Andre framsyning: 10 min
13.45: Framsyning på Eidsvolls Plass: 15 min
14.15: Matservering

Desse dansane er aktuelle til framsyninga:
• Reinlender (vanleg, open)
• Pariserpolka
• Seksmannsril fra Asker
• Åttetur fra Asker
• Gilleråsen frå Nordmøre
• Tretur frå Hornindal

(Rettleiing til alle dansane finn du i Norske Folkedansar – Turdansar )
Detaljert danseprogram vil de få etter påmelding. Antrekket under framsyninga er bunad.

For å kunne planlegge dette vidare framover, treng vi ei tilbakemelding frå laget ditt på kor mange de blir innan 15. mai. Send tal dansarar på e-post til marianne.dahl@rosenvilde.vgs.no.

Samdansprogram

Musikkdansar Skildring av dansen
Firetur fra Stange Christen N. Ringnæs i boka "Kulturhistorie fra Stange" (1909). Last ned oppskrifta som pdf eller som word.
Pas D'Espagne side 209 i Norske folkedansar, turdansar av K. Semb
Eikerril side 148 i Norske folkedansar, turdansar av K. Semb
Songdans/songleik  
Jonsoktid side 345 i Norske folkedansar, songdansar av K. Semb
Liti Kjersti side 104 i Norske folkedansar, songdansar av K. Semb
Å vesle Kari vår side 260 i Norske folkedansar, songdansar av K. Semb
Fangelek Danseskildring finn du her. Melodi finn du her.