logo    
       
       
  :: For barn      
 

 


 
     
 

For barn

Det blir eit rikhaldig program for borna som deltar på festivalane. Barn under 14 år får tilbod om gratis festivalpass, men må betale for enkelte av turane og utfluktene. For å få tilgang til arrangementa må borna melde seg på til festivalane. Det kan du gjere under menyen påmelding på desse sidene.

 

Robin Hood

Fredag kl 16.30 i Prøvesalen på Det Norske Teatret

Skråmestø UL frå Askøy viser barneframsyninga Robin Hood. Robin Hood og dei fredlause mennene hans herjar nok ein gang i Sherwood-skogen. Dei gjer verda utrygg for dei mektige sjelene i nærleiken og lurer sheriffen trill rundt...

 

Dansekurs og munnharpekurs

Fredag kl 19.00-21.00 i Teatersalen til BUL i Oslo, Rosenkrantz’ gate 8

Alle ungar på festivalen blir invitert til drama og dansekurs.Det blir òg munnharpekurs med Gunnar Rødal som lærar. Vi deler i to grupper, ei kl 19-20 og ei kl 20-21. Påmelding på festivalkontoret, under menyen påmelding på desse sidene eller på www.teaterfestival.no.

 

Barneleikfest

Laurdag kl 11.00-13.00 i Teatersalen til BUL i Oslo, Rosenkrantz’ gate 8

Det blir, tradisjonen tru, barneleikfest under festivalen. Gunnar Rødal leier dansen, og det blir servering av mat og drikke. Ta på deg finstasen og bli med!

 

Eventyrverkstad

Laurdag kl 15.00-18.00, Elvebakken vgs, Vestre Elvebakke 3

Medan dei vaksne kosar seg med danseframsyningar og konsert kan dei minste vere med på eventyrverkstad.

 

Tur til Hovedøya og Teknisk museum

Sundag kl 14.00-21.00 og mandag kl 9.00-13.00

Sundag inviterer vi barn og vaksne med på tur til Hovedøya. Her blir det leik, bading, grilling og gjøgling. Pris: kr 100,-

Medan årsmøtet pågår mandag kan borna bli med å besøke Teknisk museum. Pris: kr 100,-.

Påmelding til arrangementa på festivalkontoret eller under påmelding på desse sidene.

 

Barn og unge er også velkomne til å delta på kurs og teaterframsyningar under Norsk Amatørteaterfestival. Sjå www.teaterfestival.no.