logo    
       
       
  :: Framsyningar      
 

 


 
     
 

Framsyningar

Samspel/samdans

Fredag kl 18.00 på Det Norske Teatret. Felles opning av Norsk Amatørteaterfestival og
Folkekulturfestivalen

Temaet for dei to festivalane er samspel og og samdans. Under opninga får du smakebitar frå programmet. Det blir bygdedans, stildans og innslag frå nokre av teaterframsyningane.

Ungdomsringen Austlandet (URA), ei palestinsk dansegruppe og ungdomar ved Damini House of Culture som jobbar med indisk dans, blandar tradisjonar og presenterer nyskapande dans.

 

Dans i Oslo

Laurdag kl 12.30-14.00 på ulike stader i Oslo sentrum, Eidsvoll plass (Stortinget) frå kl 13.45

Laurdag 23. juni vil dansarar frå Oslo-området fylle Oslo sentrum med folkedans. Vi vil vise folk i Oslo at vi er mange som dansar, samstundes som vi trur ei slik samling kan bli ei vitamininnsprøyting for oss som driv med folkedans i Oslo-området. Det er ikkje så ofte vi møtest og dansar saman. Vi vil også gjerne ha med folk frå resten av landet.

Vil du delta? Les meir på desse sidene under menyen "dans".

 

Framsyningskappleiken

Laurdag kl 15.00 på Elvebakken vgs, Vestre Elvebakke 3

Ulike dansegrupper tevler om førsteplass og publikumspris for beste framsyningsprogram i 2007. Stor variasjon, høg dansekvalitet og danseglede kjem til å prege denne timen. Tevlinga blir i år arrangert for 20. gong!

Pauseinnslag blir ved Barnelaga i BUL Oslo og BLS.

 

Sans for dans

Laurdag kl 16.30 på Elvebakken vgs, Vestre Elvebakke 3

I september i fjor blei åtte talentfulle ungdomar plukka ut til å lage ei folkedansførestilling. No er dei klar for urpremiere, og dei lovar ei nyskapande og spennande danseførestilling du vil
hugse lenge…

Medverkande: Håvard Hage, Torbjørn Bergwitz Lauen, Anbjørg Myhra Bergwitz, Daniel Furre, Stian Michelsen, Sigrid Fossheim Steinhaug, Elisabeth S. Meier og Borghild Marie Opdahl.

Kunstnarleg ansvarlege og lærarar: Mads Bøhle og Brita Ström

Ansvarleg for musikken: Vegar Vårdal


Teaterframsyningar:

Som festivaldeltakar får du òg høve til å oppleve spennande framsyningar under Norsk Amatørteaterfestival. Sju grupper frå ungdomslag rundt om i landet vitjar Det Norske Teatret, og vi byr på urpremiere på stykket ”Til Noreg der kjærleik ventar”. Les meir på www.teaterfestival.no.

 

Tysdag 19. juni

19.00 Spellaget i BUL Oslo: Ein midtsommarnattsdraum


Onsdag 20. juni

19.00 Te-Nord: Frokost i det grønne


Torsdag 21. juni

20.00 Urpremiere: Til Noreg der kjærleik ventar


Fredag 22. juni

10.30 og 19.00 Til Noreg der kjærleik ventar

16.30 Skråmestø UL: Robin Hood

21.00 Mjeldalen UL: I blanke messingen


Laurdag 23. juni

12.30 Monologkonkurranse

17.00 UL Fram: Rundt sjøen

19.00 Bøfjord UL: 7 farar i huset

21.15 UL Daggry: Vridd Prøysen