logo    
       
       
  :: Kappleikar      
 

 


 
     
 

Kappleikar

Framsyningskappleiken

Laurdag kl 15.00 på Elvebakken vgs, Vestre Elvebakke 3

Noregs Ungdomslag inviterer for 20. gong dansegrupper til å delta på Framsyningskappleik. Kanskje har de allereie øvd inn ei framsyning? Kappleiken blir på laurdagen under Folkekulturfestivalen. Vil du delta med gruppa di? Meld deg på til synnove@ungdomslag.no.

Konkurransereglar nedanfor.

 

Improkappleiken

Laurdag kl 14.30 / 24.00 i Teatersalen til BUL i Oslo

Teatersport og improvisasjon er teaterfolket sitt svar på ekstremsport. Improkappleik er ein artig og uformell teaterarena. Laga får ulike improvisasjonsoppgåver som dei må løyse på ein rask og artig måte.

Improkappleiken blir arrangert med innleiande runde laurdag kl 14.30 og finale kl 24.00. Vi kårar ein vinnar. Improkappleiken eit fellesarrangement med Norsk Amatørteaterfestival. Påmelding i framkant kan sendast til ida@ungdomslag.no.

Konkurransereglar nedanfor.

 

Monologkonkurranse

Laurdag kl 12.30-14.00 i foajeen Scene 2 på DNT

Her kan du oppleve teateramatørar med gamle glansnummer eller Spilleautomater.best nysnerkra monologar! Den beste monologen vinn. Juryen blir samansett av personar frå teatergruppene som skal spele på festivalen og skodespelar Åsmund-Brede Eike, som m.a. nyleg spelte i NRK-serien Kodenavn Hunter.

Premien er ein time med Åsmund-Brede Eike for å finpusse på monologen. Vinnaren får framføre monologen fleire gonger under festivalen, på Jonsokfesten laurdag kveld eller t.d. som kulturelt innslag under årsmøtet vårt 24. og 25. juni.

Vil du delta? Søknadsfrist er 15. mai. Teaterrådet i Noregs Ungdomslag plukkar ut inntil 20 deltakarar. Monologen skal vere på mellom 2 og 4 minutt. Påmelding (namn, tlf og adresse) til ida@ungdomslag.no.


Det høgt akta og respekterte lovverket for Improkappleiken

§1 Deltakande grupper
Alle medlemmer i Noregs Ungdomslag kan delta. Deltakarar frå andre grupperingar kan under tvil få delta. Med mottoet kvalitet før kvantitet kan kvar gruppe berre ha 4 deltakarar. Utover dette er det ikkje krav til utsjånad, hudfarge, legning og så vidare.
§2 Teaterrådet
Teaterrådet i Noregs Ungdomslag pliktar seg til å gje konkurransedeltakarane naudsynt opplæring før tevlinga set i gong. Teaterrådet skal og skaffe 2 dommarar, 1 tevlingsleiarar og musikarar.
§3 Tevlingsleiarar
Tevlingsleiararen skal til ei kvar tid halde seg upartisk gjennom tevlinga. Tevlingsleiarar har ansvar for at tevlinga går føre seg på ein høveleg måte og at ein slepp uanstendig og moralsk forfall.
§4 Dommarar
Dommarane er det øvste organet. Einaste måten ein kan endre avgjersla deira er å fjerne dei fysisk frå tevlingsområdet og erstatte dei med nye.
§5 Endringar i lovverket
Med 2/3 fleirtal kan teaterrådet i Noregs Ungdomslag endre lovverket i hytt og pine. Dette treng ikkje skje på eit loveleg innkalla møte, men kan skje dersom teaterrådet føler for det der og då.


Konkurransereglar Framsyningskappleiken

• Minst 4 deltakarar (dansarar og musikarar).
• Kvar gruppe framfører eit program på opptil 15 minutt.
• Programmet skal på ein eller annan måte fortelje noko om det laget og/eller det lokalmiljøet som gruppa kjem frå.
• Det kan gjerne innehalde anna stoff enn dans og musikk som rammer eller innslag.
• Skal omfatte minst 2 av dei 6 hovudtypane av dans det blir arbeidd med innanfor Noregs Ungdomslag: Bygdedans, turdans, runddans, songleik, songdans og moderne dans.
• Bruker eit lag dansar frå andre land i framsyningsprogrammet, må dette vere knytt til tema for framsyninga.

Dommarane vil leggje vekt på

• Innhaldet.
• Dansekompetansen til utøvarane.
• Naturleg danseglede i framsyninga.
• Har framsyninga eit klart mål?
• Korleis ein bruker scenen .

Premiering

• Dei tre beste laga vert i tillegg rangert.
• Dommarane kan dele ut prisar til program som inneheld presentasjonar utover det vanlege, t.d. beste norskespilleautomater.casino bygdedansframsyning, beste innslag frå barn, beste framføring av moderne dans, beste songdansinnslag, beste vokale folkemusikkinnslag o.s.b.
• Dommarane ser òg på kva laget har fått ut av programmet med bakgrunn i føresetnadene sine.
• Dommarane gjev ei samla skriftleg dommarvurdering av tevlinga, der det er ein kort kommentar til kvar gruppe.
• I tillegg til dommarane, vil ein folkejury – tilfeldig plukka ut blant publikum – også kåre ein vinnar.