logo    
       
       
  :: Konsertar      
 

 


 
     
 

Konsertar

JPP

Laurdag kl 17.45 på Elvebakken vgs, Vestre Elvebakke 3

JPP, eller Järvelän pikkupelimannit, betyr ”små folkemusikarar frå Järvelä” og såg dagens lys på byrjinga av 1980-talet. Dei unge musikarane mellom 17 og 25 år tiltrakk seg merksemd med sine livlege arrangement, nye harmoniar, nye komposisjonar og innblanding av svensk folkemusikk.

Dette var noko heilt nytt og nesten revolusjonerande innan folkemusikken, både i Finland og andre nordiske land. JPP har derfor vore forløparen til grupper som Majorstuen, Frigg og Harv.

Medlemmane i JPP har erfaring og utdanning i ulike musikalske greiner utanfor folkemusikken, som jazz og klassisk. JPP har derfor ein eigen stil som er vanskeleg å kategorisere og som byr på utallige overraskingar. Gruppa har turnert og spelt på alle verdas kontinent og har ni album bak seg.

Vi inviterer til stor konsert med JPP laurdag 23. juni. Les meir om gruppa på heimesidene til JPP. Høyr lydspor frå gruppa. Sjå den hysteriske musikkvideoen på http://www.tvfolk.net/ under sida med finske grupper!

Vil du reservere billettar? Send e-post til pamelding@ungdomslag.no.

 

Valkyrien Allstars

Sundag kl 12.00 på St. Hanshaugen

Valkyrien Allstars er ein hardingfeletrio litt utanom det vanlege. Dei tre unge utøvarane Tuva Syvertsen (1983), Ola Hilmen (1984) og Erik Sollid (1984) har med den norske tradisjonsmusikken som utgangspunkt, utvikla eit heilt nytt sound. Tre ulike spelestilar er smelta saman til ein heilskap som inneheld referansar frå mange ulike sjangrar og stilartar.

Trioen deltok i Kjempesjansen på NRK i 2006, der dei hausta lovord frå juryen og stemmer frå sjåarane. Det blir ein konsert med sjelfull vokal, fengande feleriff og kollektiv improvisasjon.

Søndag inviterer vi festivaldeltakarane og heile Oslo til utandørs konsert med Valkyrien Allstars på St. Hanshaugen. Det blir òg dans og andre musikkinnslag. Les meir på heimesidene til Valkyrien Allstars. Lytt på lydspor av gruppa.