logo    
       
       
  :: Kurs      
 

 


 
     
 

Kurs og seminar

Kurs i teatersport

Laurdag kl 10.00-14.00 i Lagsrommet til BUL i Oslo

Lær å akseptere, improvisere, ta vare på det spontane og servere publikum gode historier. Kurset er ypparleg som oppvarming til deg som vil stille lag i Improkappleiken

Lærar: Frode Eggen jobbar som frilans skodespelar, kurshaldar, teaterpedagog og fakir. Frode vil òg vere ein av dommarane under Improkappleiken.

 

Bunadseminar "Hovudplagg: Frå identitetsmerke til toppolitisk kamp"

Laurdag kl 10.00-15.00 på Elvebakken vgs

Oslo er ein av dei få stadane i Noreg kor vi kan sjå utstrakt bruk av hovudplagg og vi inviterer til eit spennande og aktuelt tema med framifrå foredragshaldarar og fleire brukarar med ulik kulturell bakgrunn.

Innleiarar: Aagot Noss skal snakke om ”Symbol og skikk i norske hovudbunader”. Walborg Fjeldstad vil fortelje om ”Blikk på hovud og hatt” og Monica F. Aarseth vil snakke om bruken av hidjab blant unge muslimske kvinner i Oslo. Vi har òg invitert andre innleiarar med ulik kulturbakgrunn som har eit forhold til bruk av hovudplagg. Last ned brosjyren for seminaret: Side 1 og 4 / side 2 og 3.

 

Kurs i Valdresspringar

Laurdag kl 10.00-14.00 i Storsalen, BLS-huset

Lær deg denne populære bygdedansen av ekte valdresingar! Valdreslaget i Oslo stiller med spelemann og instruktør.

Kurslærar er Arne Bäckmark.

 

Runddans

Laurdag kl 10.00-12.00 i Det Norske Teatret

Alix Cordray er amerikansk dansepedagog, men har i mange vore tilknytt dansemiljøet i Oslo. Saman med danselaget Rundsnuen har ho samla inn runddansvariantar frå heile landet. På kurset vil du få lære nokre av desse. Spelemann: Edvin Øen.

 

Polska

Laurdag kl 12.00-14.00 i Halli, BLS-huset

Tommy Svensson vil gje deg ei innføring i svenske polskor.

 

Teaterkurs

Under Norsk Amatørteaterfestival kan du delta på 12-timars kurs i regi og skodespelarteknikk, 4-timars kurs i teaterteknikk eller besøke drop-in kursa i teatersminke, gjøgling og akrobatikk og stemmeoppvarming og stemmebruk. Les meir på www.teaterfestival.no.