logo    
       
       
  :: Teater      
 

 


 
     
 

Teater

Improkappleik

Laurdag kl 14.30 / 24.00 i Teatersalen til BUL i Oslo

Teatersport og improvisasjon er teaterfolket sitt svar på ekstremsport. Improkappleik er ein artig og uformell teaterarena. Laga får ulike improvisasjonsoppgåver som dei må løyse på ein rask og artig måte. Laga tevlar mot kvarandre, og eit dommarpanel, i lag med publikum, avgjer kven som vinn tevlinga.

Improkappleiken blir arrangert etter Jonsokfesten laurdag kveld, kl 24.00. Det blir innleiande rundar og kurs i teatersport tidlegare på dagen. Dette er eit fellesarrangement med Norsk Amatørteaterfestival.

Påmelding i framkant kan sendast til Noregs Ungdomslag, postboks 414, sentrum, 0103 Oslo eller til ida@ungdomlag.no.

Norsk Amatørteaterfestival

Noregs Ungdomslag og Det Norske Teatret inviterer til Norsk Amatørteaterfestival 18.-24. juni. Her får du oppleve det beste frå amatørteater-Noreg. Sju grupper frå ungdomslag i heile landet viser fram sine stykke. Vi inviterer til kurs og seminar, og til urpremiere på den nyskapande framsyninga ”Til Noreg der kjærleik ventar”.

Festivalpasset gjeld for både Folkekulturfestivalen og Norsk Amatørteaterfestival.

Les meir om tilboda under Norsk Amatørteaterfestival på www.teaterfestival.no.