logo    
       
       
  :: Ungdomsringar      
 

 


 
     
 

Noregs Ungdomsring

For sjette året på rad arrangerer Noregs Ungdomslag samling i Noregs Ungdomsring (NUR). Dette er ei samling for folkedansande ungdom mellom 14 og 26 år. Her blir det folkedanskurs om dagen og sjølvsagt mykje fridans om kvelden…

Kva er ei NUR-samling?
Noregs Ungdomsring er eit nettverk av folkedansande ungdom frå heile landet. Dei fleste deltakarane på NUR-samling reiser saman med ungdomsringen/dansegruppa si, men det er heilt greitt om du kjem åleine òg!

Alle som er med på NUR-samling søv på flatseng (sovesal). Det finst både jente- og gutegarderobar på skulen der vi bur, et og dansar, og vi kan dusje når vi vil…heilt gratis!

Om dagen har vi kurs og om kvelden lager vi til sosial dans, i år med eigne folkemusikkgrupper(!). Maten blir laga på kjøkkenet, og vi et alle måltider felles. NUR har eigen kjøkkensjef og dugnadshjelp som lager all mat til alle.

NUR-samlinga skal vere på Majorstua skole i Oslo. Skolen ligg i Bogstadveien 74, midt på Majorstua, men er svært skjerma frå Majorstue-krysset likevel. Skolen har nemleg skolegården som eit atrium.

Sjølve NUR-samlinga begynner i år søndags ettermiddag. Bli kjent-økta er første post på NUR-programmet, men vi rekner med at mange av dykk kjem allereie fredagskvelden då festivalane startar. For deg som berre skal vere med på NUR-samlinga kan du anten kome søndag eller før kursstart måndag.

NUR-samlinga og festivalane er rusfrie arrangement.

NUR-kurset
Tema for kurset er i år Samdans, og du vil lære mykje om danseteknikk og folkelig dansestil. Dette blir eit kurs med mykje energi og eksperimentering med ulike danseuttrykk, stilar og rytmar.

Vegar Vårdal og Mads Bøhle blir hovudkurslærarar, og Patrik Andersson blir hovudspelemann. For at de som deltakarane skal få eit kurs tilpassa eige nivå, vil vi dele gruppa i tre på tysdagen. Detaljert program ser du nederst i dette dokumentet.

Vegar Vårdal har hatt ei rekkje kurs i NU, men aldri eit NUR-kurs (!). Han driv til dagleg som frilans folkemusikar og folkedansar, og er mellom anna hovudlærar på studiet/emnet Norsk folkelig dans ved NTNU VIDERE.

Mads Bøhle er A-klassedansar i halling, og har hatt ei rekkje kurs både for NU og andre. I 2001 hadde han kurset ”Frå halling til hip-hop” på samling i NUR. Mads er lærar for Sans for dans 2007.

Patrik Andersson bur i Uppsala og kjent i folkedansmiljøet både i Norge og Sverige for sitt energirike og gode dansespel. Han har gått på Norges musikkhøgskole i Oslo og speler både flat- og hardingfele. Patrik er spesielt opptatt av samspelet mellom musikar og dansar…

Tysdagen blir deltakarane delt inn i tre grupper. Vegar og Mads er lærarar på to av stasjonane. Siste stasjon vil det bli kurs i engelskor (svensk tradisjon). Dette kurset arbeider vi framleis med å få lærar og spelmann til.

Påmeldingsskjema til NUR-samlinga
Påmelding til Noregs Ungdomsring og festivalane er i år på same skjema. Kvar enkelt deltakar og gruppeleiar skal altså fylle ut dette. Skjemaet finn du under ”påmelding” på www.folkekulturfestivalen.no .

Det er lagt opp til at alle deltakarar skal høyre til kvar si gruppe. Reiser du ikkje med ei gruppe, kjem du til å få ei gruppe og ein leiar av oss ?

Kvar ungdomsring vil få eit eige skjema for utfylling i tillegg. Dette skjemaet vil vi på NU-kontoret samanlikne med dei påmeldingsskjema vi har fått inn. Vi tek kontakt om noko ikkje stemmer eller det manglar gruppeleiarar.

Påmeldingsfrist: 15. mai 2007

Deltakaravgift for NUR 2007 er: kr. 600,-
Dette inkluderer kurs, mat og overnatting.

Om du ikkje er medlem i Noregs Ungdomslag, vil du måtte betale kr. 800,- og blir då automatisk direktemedlem i NU.

Noko vi som arrangør bør vite?
Det er svært viktig at vi får vite om sjukdomar, allergiar eller andre ting som gjer at du har eller kan få nokre spesielle behov under samlinga. Ver snill å melde frå om dette på påmeldingsskjemaet eller send ein epost til synnove@ungdomslag.no

Er dette informasjon du ikkje vil at alle skal vite om, tar vi sjølvsagt omsyn til dette. Dette lager vi ein avtale om undervegs.

Gruppeleiarar
Kvar ungdomsring/gruppe må ha med seg eigne gruppeleiarar. Ein gruppeleiar skal ikkje ha ansvar for meir enn 8 ungdomar og må vere over 18 år.

Gruppeleiar skal:
- vite kor alle sine 8 ungdomar er til ein kvar tid
- ha ansvar for å seie frå til NUR-leiinga om noko uventa/galt skulle skje
- vere bindeleddet mellom deltakarane og NUR-leiinga
- møte på leiarmøta

Enkeltpersonar som reiser utan leiarar, vil få ei gruppe og ein leiar av oss.

NUR-leiinga 2007
NUR-sjefar: Gunn Inger Sture (gunn_inger@hotmail.com / 980 66 084)
Aslak Strønen (aslaksuper@gmail.com / 909 61 529)

Ansvar for NUR på NU-kontoret:
Synnøve Jørgensen (synnove@ungdomslag.no / 24 14 11 15)

Ansvar for matlaginga under NUR: Kristin Riiser Dankel

Unge vaksne hjelparar under samlinga (poteter): Vi er i kontakt med 10 handplukka unge vaksne som skal ha denne rolla…


Informasjon til deg som skal delta både på NUR-samling og Folkekulturfestival/Norsk Amatørteaterfestival:

Festivalpass
Norsk Amatørteaterfestival og Folkekultufestivalen har felles festivalpass. Alle som deltar på NUR-samlinga vil få 50% rabatt på festivalpasset. Passet vil altså koste deg kr. 300,- .Prisen blir rekna ut automatisk i påmeldingsskjemaet.

Overnatting under festivalane
I år skal NUR-samlinga vere på Majorstua skole i Oslo. Sovesalane her opnar allereie på fredag den 22. juni, slik at de som skal på NUR-samling får overnatte her under Folkekulturfestivalen/Norsk Amatørteaterfestival. Dei første to nettene kostar kr. 100,- per natt, og ein må ordne seg mat sjølv fram til frukost måndag den 25. juni. Det vil bli tilgong til kjøkken heile helga.

Majorstua skole ligg i Bogstadveien 74, midt på Majorstua.
Festivalpass og adgangspass til sovesal får du på festivalkontoret. Festivalkontoret er på Det Norske Teatret i Kristian IVs gt 8.
Fredagen vil ein òg få utdelt adgangspass til sovesalen på Majorstua skole om ein står på lista ?.

Det er strenge krav i forhold til brannvesenet, og vi må følgje reglene nøye her:
- maks 20 personar på kvart rom (altså 2*8 ungdomar + to gruppeleiarar)
- Liste på døra over kven som søv på kvart rom
- Ingen utan adgangspass (raudt band på handa) kjem inn på sovesalen
- Det vil sitje vakter ved inngangen til sovesalane døgnet rundt frå 22. til 27. juni

Møtestader for NUR under festivalane
Allereie fredagen den 22. juni skal NUR-deltakarane få møtast og bli kjende med kvarandre. Denne dagen blir det i tillegg leiarmøte.

Program:
Norsk Amatørteaterfestival og Folkekulturfestivalen
Norsk Amatørteaterfestival startar allereie måndagen den 18. juni, men har offisiell opning saman med Folkekulturfestivalen den 22. juni. Begge festivalane varer til søndag den 24. juni.

Sjå www.folkekulturfestivalen.no og www.teaterfestival.no

Årsmøte i Noregs Ungdomslag
Søndag 24. juni klokka 1400 startar årsmøte i Noregs Ungdomslag. Møtet varer til klokka 13.00 på måndagen den 25. juni.

Last ned timeplanen (pdf) for NUR 2007.